lørdag 13. november 2010

Analyse av diktet "Elsk" av Arne Garborg

Tapt kjærleik

Ei hurtiganalyse av diktet “Elsk”, skreve av Arne Garborg, frå diktsyklusen Haugtussa.

Kjærleiken er universell og evigvarande, og den kjærleiken ein ikkje kan få er kanskje den sterkaste av alle. Då Arne Garborg skreiv dikta til klassikaren Haugtussa, var romantikken i full blomst, medan realismen og naturalismen i høgste grad var aktuelle. Diktet “Elsk” inneheld både bonderomantikken som kulisse, og realismen i form av at innhaldet ikkje på nokon måte er korkje idyllisk eller ser ut til å ende godt. Naturalistisk er diktet ikkje, sidan dei nedrige detaljane ikkje er medtekne.

“Elsk” handlar om ei bondejente som ventar på det ho kallar “den galne guten”.
   
    “den galne guten, han gjeng så baus;
    han veit at fuglen aldri vil laus”

I diktet får me innblikk i tankane til jenta, som openbart er svært forelska. Kvar strofe er ei erklæring om tilsynelatande endeslaus kjærleik, og i siste strofa viser det seg at han kjem til henne på søndag.

Temaet i diktet er håplaus kjærleik og sakn, og inneheld både draum og utsegn om kor stor makt kjærleiken har. I første strofe kjem det fram at ho stiller seg sjølv til for han,

    “Å gjev du batt meg med bast og bende;
    å gjev du batt meg så bandi brende!”

medan andre strofe peikar på det faktum at ho ikkje er verdig hass sin status som gardsgut.

    “Ja kunne rett eg mi runelekse,
    eg ville inn i den guten vekse;”

“Elsk” er eitt klart sentrallyrisk dikt i tradisjonell bunden form, med ei klar personal forteljarstemme. Diktet er oppdelt i sju typografisk like strofer, der kvar strofe har fire linjer som alle er skrevne i A-A-B-B enderimsform. Bruken av denotasjonar og bilder er sterk, og går igjen i alle strofene. Ordval og teiknsetting fastslår pasjonen og graden av kjærleik som jenta opplever til guten:

    “Å gjev du batt meg med bast og bende;
    å gjev du batt meg så bandi brende!
    Å gjev du drog meg so fast til deg
    at heile verda kom bort for meg!”

Den andre strofa inneheld bildet på at ho er vilkårslaus hass si jente, med å velge verbet å binde seier ho beint fram at ho er makteslaus ovanfor hass si vilje.  I dei to siste linjene vel ho å nytte verbet å dra, som berre bygger oppunder hennar ønske om å bli knytt til han for æva. Begge setningane er avslutta med utropsteikn, som understreker kor sterkt ho ønsker at draumen hennar skal gå i oppfyllelse.

Kvar strofe i diktet har sitt eige sub-tema, til dømes har den første strofa temaet “den galne guten”, medan den andre strofa omhandlar ønsket om å bli bunden opp i kjærleiken. Spesielt i dei to første strofene blir temaet ordmessig gjenteke, og bygger under kven og kva ho tenkjer på. Den klanglege flyten er besørga av at strofene er typografisk like, og at enderima er so konsekvente. Diktet inneheld ingen nevneverdige brot i flyten.

Som lesar vert eg slått av dei sju strofene, som samla peiker på den sterke, tilnærma desperate forelskelsen jenta legg for dagen. Isolert sett nevner ikkje diktet nokon navn, men Haugtussa handlar om husmannsdattera Veslemøy og blant anna hennar håplause kjærleik til bondesonen Jon. Veslemøy kan ikkje få Jon grunna statusskilnaden, og Jon går seinare i handlinga til giftarmål med ei storgardsjente.

    “Om vinden strid over heii susar,
    det gule håret ditt visst han krusar;
    om regnet dryp med sin døyvde gråt,
    så stakkars guten, no vert du våt.”

Bruken av bilda på hennar makt over henne, og kor sterkt ho føler for han, bygger opp ein sympati for henne dess meir det kjem fram at det ho føler ikkje vert gjengjeldt. Slik eg oppfattar diktet so er temaet kjærleikssorg og sakn, men jamvel med det naive håpet om oppfyllelse av draumen.

Bodskapen i diktet er at ein skal halde seg til realiteten, og ikkje søke ut over eigne grenser og bæreevne.

onsdag 10. november 2010

Analyse av diktet "Fødd i går", av Halldis Moren Vesaas

Den strenge far

Analyse av Halldis Moren Vesaas (1907-1995) sitt dikt “Fødd i går”, utgitt første gong i diktsamlinga Harpe og dolk (1929).

Forfattaren vaks opp i mellomkrigstida på Mora-garden i Trysil som den eine av to søsken. Det er ut i frå tidspunktet for publiseringa god grunn til å anta at diktet vart skreve mens Vesaas gjekk på Elverum lærarhøgskole.

 I diktet møter me forteljaren, rett etter eitt opprivande møte med sin far. Tidsrommet er avgrensa, og omhandlar ein diskusjon mellom henne og faren som nettopp har funne stad. Handlinga i diktet er ei framføring av tankane som har oppstått i etterkant av denne episoden.

Tematikken i diktet er todelt, der den eine pila peiker i retninga av den evige motsetninga mellom gamal og ung. Ungdomen vil alltid sjå seg sjølv som vaksen og sjølvstendig, medan dei gamle av erfaring veit at dei enno har eitt stykke veg å gå før ein med rette kan kallas vaksne. Den andre temapila peiker i retning av dei djupe spora som ein forelder med sine ordvalg kan sette i unge sinn.

Diktet er sentrallyrisk og skreve i tre strofer, alle strofene inneheld åtte linjer i A-B form. I dei seks første linjene i den første strofen ser me ein klar tendens til at A-linja er ei klår stadfesting, mens det ligg ein kontrast i B-linja sitt knappare tilsvar. Desse linjene gir dermed innleiinga av diktet ein “lett-tung-lett-tung”-rytmikk, som har ein effektiv måte å sette stemninga i diktet på. Bruken av enderim som “glad “ og “stad” er konsekvent.

“‑ Eg skunda meg der ifrå” er andre linje i andre strofe. Lesaren vert med denne linja sett i ein fortruleg lyttar-rolle, nett som om forteljaren har sprunge til deg for å fortelja det som skjedde, og som ein god ven lyttar du sjølvsagt sympatisk til det som har skjedd.

Lesaren vert drattt inn i handlinga, og vekslinga mellom tonaliteten i linjene skapar eitt bilde av ein konflikt som skapar nysjerrighet og eitt ønske om å lese vidare. Kontrasten mellom A- og B-linjene jamnar seg ut i den andre strofen, og gjev lesaren eitt lite pusterom til å reflektere over handlinga i første strofen, og til å oppfatte ironien i teksta. Linjekontrasten kjem til syne att i tredje strofen, men no er funksjonen til B-linja å komplettere det A-linja starta, meir enn å skape kontrast som i første strofen. Effekten er at følelsen av å overvære ei personleg erkjennelse, stig i eitt crescendo til forfattaren sluttar sirkelen med å stadfeste:

“Visst vart eg fødd i går!”

Dei første orda i den første strofa; “I kveld (...)” tidfestar handlinga til eitt avgrensa rom. I den første linja slår forteljaren også ettertrykkeleg fast at ho er so “makelaust, grenselaust glad!”. Denne setninga opnar diktet med ein optimististisk og sprudlande tone, med hjelp av to superlativ og eitt utropsteikn! Den andre linja bringer diktets andre subjekt inn, nemlig forteljarens far, og ordvalga “ærverdig og grå” indikerer både ein respekt for faren sin autoritet, og eitt symbol på at han åpenbart er gamal. I den tredje linja får me vite at situasjonen oppsto “i stad”, noko som bekrefter at handlinga er heilt fersk, og at forteljaren sine tankar framstår som umiddelbare og spontane.

Det kjem ikkje konkret fram kva forteljaren har sagt til faren sin, men strofa;

“(...)
og gav han eitt velmeint råd:
Det skulle du gjera, så vidt eg forstår!”

, opnar for to tolkningar:

1.    Bokstaveleg: Strofa kan tolkas i form av å være siste orda i det Vesaas beskriv som eitt velmeint råd til faren.
2.    Symbolsk: Strofa kan være eitt symbol på at det har vore ein krangel, der forteljaren har benytta anledninga til å seie noko til faren, som ho for husfredas skuld burde ha haldt for seg sjølv.

Det siste leddet i siste setninga: “(...), så vidt eg forstår!”, kan tolkas sarkastisk, som i at faren openbart burde ha skjønt kva som er rett å gjere, samtidig som orda opnar for å tolkas om ei usikkerhet

 Den siste halvdelen av første strofe kompletterer generelt bildet av kva som har skjedd, nemlig at forteljaren i affekt har sagt noko til faren som ikkje vart opfatta som truverdig frå hass si side. Ei alternativ tolkning kan sjølvsagt være at ho har tatt opp eitt tema som han ikkje er interessert i å diskutere.

Han avfeier ho med eitt bryskt  “Kva skjønar vel du,” og sett ein strek for situasjonen med å fastslå at ho vart fødd i går. Denne uttalelsen vekker for det første sympatien med forteljaren, som blir sett på plass, men fråsegnet inneheld også humor. Det kjem fram litt seinare i diktet at forteljaren er rundt tjue år, og dermed er det ikkje ei lita overdrivelse om vert servert av mannen som av alle burde vite kor lenge forteljaren har levd.

Heile den andre strofa av diktet inneheld forteljaren sine motstridande tankar mellom bodskapet frå faren på den eine sida, og hennar eiga sjølvbilde på den andre. Kvar levealder har sine eigne bekymringar og prioriteringar, som alle subjektivt opplevas som like store. Den første linja i andre strofe lyd slik:

“Vart eg fødd i går? – Eg vart fødd i går!”

Denne linja understreker motsetninga mellom tankane hennar, og er samtidig første stikk i den ironien som vert brukt i resten av diktet. Ho raljerer over den nyvunne sjølvinnsikta, og bagatelliserer ironisk over dei negative tankane som ho i følge faren aldri har hatt nokon grunn til å belemre seg med.

Symbolbruken er sterk i dette diktet, når ho skriv at himmelen er blank og blå tyder det på at ho ser lyst på framtida, mens ho ser att på skodde og sky, som tyder på at ho har lagt bak seg det vonde. Perspektivet til forteljaren er ein klar autoritær eg-form, og ho gjentek tittelen på ulike vis heile seks gonger i løpet av diktet.

Halldis Moren Vesaas har med diktet “Fødd i går”, sett ord på ein kvardagsleg situasjon som mange unge opplever i sin kvardag der dei må forhalde seg til sine foreldre, med dei konfliktene dette samspelet uungåeleg vil innebære. Forteljarstemma er nærast manisk i si beskrivelse av lukka over å funne ut at ho kan starte med blanke ark, medan ironien ligg tjukk mellom linjene og indikerer at ho har vorte kraftig såra over den eine setninga som faren enda diskusjonen med.

Bodskapen i diktet er ein advarsel til foreldre og vaksne om å vege sine ord før dei vert brukte mot ungdomen. Sjølv småe og uskuldige setningar kan skape djupe sår i nyspira sinn.

søndag 7. november 2010

Essay om Det moderne prosjektet

Oppgave 2, s. 37, Nexus: Skriv eitt essay der du presenterer det moderne prosjektet, slik det framsto på 1700-talet. Diskuter ideene i det moderne prosjektet i forhold til samfunnet i dag.


Det frie mennesket – eitt essay av Privatisten 2010

Kvifor skulle no “det moderne prosjektet” komme på ideen med framskrittet og det frie mennesket, hadde me ikkje nok å stri med som det var? Eg meinar, ein ting er jo at all tilflyttinga til byane har skuttt husprisane til himmels, men kva skjer med at folk uoppfordra kan få meningane sine på trykk på baksida av lokalavisa?
           

Spøk til side...


Norsklæreboka mi (Dahl, Engelstad, Halvorsen, Jemterud, Torp og Aandjani 2008) har gitt meg i oppgave å presentere «det moderne prosjektet» slik det framsto på 1700-talet, og samanlikne med situasjonen i dagens samfunn.

Eg er i tvil. Spørsmålet er om eg i det heile kan tillate meg å drøfte det som skjedde på 1700-talet, utan å nevne Rene Descartes, som levde på 1600-talet? I boka Fortellingen om Pi (Martell 2004) beskriv forteljarstemma ein agnostikers død nokonlunde slik “Eg kjenner eg skal døy, men veit ikje heilt om eg skal tru på det.” I boka gjev forteljaren tydeleg til kjenne at det å være agnostiker ikkje er ein god ting. Descartes rakk ikkje å lese denne boka, og var visst heller ikkje i tvil om at usikkerhet var retninga å gå. Etter intens dualistisk tenkning kom han fram til følgande utveksame læresetning.

“Eg tenker, altso er eg.” På latin: “Cogito, ergo sum.”

Med desse orda var rasjonalismen fødd, den læreretninga som tilseier at det berre er fornufta som gir oss sikker kunnskap, igjen i følge læreboka mi. Eg skal ikke stogge lesaren med unødig tvil, eg ville berre som sagt nemne den mannen som blir nemnt som den mderne filosofiens far. Det er jo tross alt fornufta og den frie vilje som skal sette sin signatur på dei store tankebanane framover.
Med fare for å gjenta meg sjølv, so er det ikkje menininga å la tvilen bli hovedtema i dette essay. Eg var som sagt berre usikker på om det moderne prosjektet i det heile kan drøftas utan å nevne den.
Vent litt no då , eg kan i alle fall ikkje gå vidare utan at eg samtidig dreg ein parallell til det me kan sjå rundt oss idag. For dagens tvil og fornuft, kva består den av? Er det nokon som dreg i tvil Kong Harald når han ønsker oss eitt riktig godt nytt år frå TV-skjermen? Er det nokon som tviler på at avisbilda frå Afghanistan viser eitt korrekt og objektivt bilde av krigens glade galskap? Er det noko i det hele som presenteres som usikkert i dagen mediebilde, av all den voldsomme inntrykksmengde me mottek? Tviler du for eksempel på at naboen meiner det han skriv, når han oppdaterer Facebook-statusen sin med “har hatt enda ei konge fantastisk helg XD”
Æsj..., no har eg brukt minst fem avsnitt på mi omtale om tvilen, og det verste er at desse avsnitta ikkje er ofra ein tanke i disposisjonen min :-P Lat oss gå over til noko anna.
Ladies and gentlemen, eg vil prøve ut nokre tankar om Det Frie Mennesket. Er ikkje eg fri, og er ikkje du og også det? Eg står opp om morgonen, ikkje fordi eg absolutt vil, men fordi eg sjølv har oppsøkt ei stilling i det private næringslivet, og har signert på tre A4-ark som gjer eitt firma anledning til å disponere minimum 1750 arbeidstimar i året av mine dager mellom klokka 0700 og 1530. Er det fridom? Har eg eitt val? Om eg ein dag fann ut at nok er nok, slapp hendene ned langs sida, sa opp jobben og bestemte meg for å gjere null niks, hadde samfunnet hatt ein plass for meg?
Nei, no digrerer eg. Eg skulle jo presentere det moderne prosjektet.

Hm, eg greier ikkje å lat være å undras over kven som var prosjektleiaren for Det Moderne Prosjektet, og om han hadde ein god plan for framdrift og økonomisk resultat.
                                              
                                               (Han hadde antagelegvis ikkje det, tidsbruken tatt i betraktning.)

Når eg ser på bildet av John Locke i læreboka mi, tykkjer eg han ser gamal og skral ut. Det ser faktisk ut som om hovudet hass svevar i lufta, medan skjorte og jakke berre er fortøyd i halsen og flagrar under. Er det ein smakeleg karakteristikk av ein som i følge læreboka var leverandør av moderne ideer? Kan det være at den den tilsynelatande tomme jakka er eitt symbol på hass sin filosofi som peika i den retning at menneska er fødd som tomme tavler, tabula rasa?   
Locke meinte at all kunnskap bygger på erfaring, og uvikla begrepet empirisme.

empirisme, erkjennelsesteori som hevder at all kunnskap om virkeligheten har sin opprinnelse i sanseerfaringen. Har brodd mot dem som søker kunnskap gjennom tro og åpenbaring, og mot dem som vil utlede sikker kunnskap om verden av selve tanken el. fornuften, f.eks. Descartes. Oppstod på 1600—1700-tallet gjennom tenkere som John Locke og David Hume. En fornyelse av e. fant sted i det 20. århundre i form av den "logiske e." el. logisk positivisme, repr. ved bl.a. Russell (en periode), Carnap, Hempel, Ayer.
 
(Caplex.no)
I dag er bekrepet mest brukt i forskinga, for å illustrere at forsøka bygger på tidlegare erfaring. I tillegg er det tilsynelatande kult å seie “all empiri tilsier jo at vi har rett”, for businessfolk når dei vert intervjua av DN.
            Ein ting er å filosofisk drodle over kva menneska bygger livet sitt på og med, noko heilt anna er den gnisten han starta ved å trykke bøker om religionsfriheit og ikkje minst tanken om at dei som styrer landet sit på folket si velvilje. Desse ideane tok Rosseau vidare i sin pre-kommunsitiske kamp mot eigendomsretten.

Den første som gjerdet inn et jordstykke, og fant på å si at dette er mitt, og dernest fant folk som var naive nok til å tro det, han var den sanne grunnleggeren av det borgerlige samfunn.

I teksta vidare gjev Rosseau klart til kjenne at han meinar at jorda tilhøyrer alle, og ikkje skal eigas av nokon. Høyres ikkje dette kjent ut? Var det ikkje denne opphevinga av eigendomsretten som var ein av grunntankane i politikken til det store nabolandet vårt  ei periode etter 2. verdskrig? Då spør eg, kor fri var egentlig Ivan på den tida? Var tanken om at alle eig jorda so kul at dei gløymde at den vesle makteliten gjorde som dei all den tid har gjort, nemlig å sikre sine egne privileger? Artig at eg skulle komme opp med dette temaet forresten, boka Animal Farm har ein artig allegori, og kven har vel ikkje lest den?? <lol>
Eg skal ikkje heretter ramse opp alle dei sentrale sidene ved Rousseau og Voltaire sine filosofiske franske liv, men eg kan jo nevne at bortsett frå å ha inspirert til å starte den franske revolusjonen, drøfte rettsikkerhet, folkevilje og makmisbruk, so vart dei gravlagde i lag på Pantheon i Paris. Kul parykk Rosseau har på bildet i norskboka btw.
Det eg undras på, er når eg ser kva stor historisk rolle dei spelte i kampen for det frie mennesket, kva fokus hadde dei egentlig i sitt eige samfunn? Eg meiner, kva input hadde egentlig folk flest om omverda i kvardagen sin på 1700-talet? Det var jo ikkje slik at far i huset sat foran Tven og såg 21-nyhetene, gutungen sat med sin iPad og tausungen oppdaterte bloggen sin på mobben?
For kva input får me egentlig av dei sokalla Forskarane i dagens mediabilde, til dømes Dagladet sine fengande forsidetitlar?

“Fett er bra”
“Fett er fy!”
“Litt fett er kult”
“Mykje fett er ikkje so kult”
“Somme fett går ikkje på eitt fett ut”

...og so vidare.

            Eg meiner, kven var det egentlig som interesserte seg for tankane desse fintenkarane spreidde om seg, kven las dei 10.000 breva Voltaire skreiv? Eg finn det vanskeleg å tru at det var ti tusen lesarar av Rosseau sitt førsteopplag av novella Emile. Hadde Holberg til dømes ein  360 graders forlagsavtale som sikra han royalties inkludert digital gjenbruk? Tenk på den guten som sat på benken attmed grua, i stua i familiens torvhytte i Finnskogen og ønska han på ein rask og lettvint måte kunne få tak i ein piratkopi av Erasmus Montanus, som bestisen hadde sagt var heilt konge!
            Eg skal runde av min lauselege omgang med temaet Det Frie Mennesket, ved å bringe den fantastiske reisa si rolle inn i prosessen med å frigjere våre forfedre. I dag sit folk i lunsjpausene og surfar på internett og planlegg neste friår, med ei reise gjennom Asia og Sør-Amerika, før dei runder av med tre vekers seilferie i Karibien. Eller meir ordinært, to vekers Thailand-tur i fellesferien med familien. Tenk deg kva effekt for eksempel forteljinga om Gulliver sine reiser hadde på ein bondeson i ei bygd på 1700-talet? I dag er me bombarderte med science-fiction og Star Trek, der USS Enterprise flyttar seg mellom galaksane i warp speed. Då Crusoe stranda på den øde øya si, kor fjernt var ikkje det for den jamne lesar på den tida? Og kor nært er ikkje den tilnærma same situasjonen for den jamne kvardagsstudenten no i Norge?
            Kunstretningane klassisismen og følsomheten er nevnt i boka. Maleriet Marats død av Jaques-Louis David fengslar meg. Etter litt Wikipeding har fått vite at malaren og motivet var vener i det verkelege livet, og at Marat vart myrda av ei som sto på motsett side i den franske revolusjonen. Han var lege, filosof og folkehelt. Han var også plaga av ein hudsjukdom og hadde ein stor byll i ansiktet. Kompisen JLD er notert for med vilje å ha forskjønna utsjånaden til Marat på bildet, og i rettferdas navn skal det seias at David hadde full kunstnerisk anledning til det.
Kunstnaren manipulerte bildet han produserte, med hensikt å vinne sympati for symoblet og saka. Var det rett av David å gjere det? I dagens medieredaksjoner balanseres det dagleg mellom begrepa bildebehandling- og manipulering. Kor stor makt ligg det ikkje i å kunne presentere ein falsk versjon av sannheta, for å oppnå ein politisk eller økonomisk gevinst?
Den franske revolusjonen var ein opprivande prosess der det franske folket fekk si første oppreising frå myndighetene. Det skal seias at oppreisinga gjerne ikkje var av den uoppfordra sorten, og ein kan vel endå spore litt revolusjonstakter i det franske blodet når misfornøyde bønder der til lands lagar traffikkork med traktorane sine?
Til slutt vil eg tilbake til tidsbruken til det moderne prosjektet. Det viser seg at eg har uventa støtte frå ein kar som heitte Henrik Wergeland, som også meinte at verda gjekk for sakte framover:

            Ung må verden ennu være,
            Slektens saga lange lære
            ennu kun dens vuggesange
            og dens barndoms eventyr

Wergeland var ein type som påstås å ha jobba godt og mykje for folkeopplysninga, med sin kamp for folkebiblioteka ute i bygdene. Hadde dette vore eitt kåseri og ikkje eitt essay, kunne eg ha smelt til med ei flåsete bemerkning om at bygdeopplysninga framleis har litt å gå på, sidan eg veit at nabogrenda enno ikkje har gatelys. Badabim-krasj.

Skrik!

Eg er oppmeldt til ikkje mindre enn fire eksamenar denne hausten 2010, Norsk muntleg NOR 1213 og Naturfag skriflig/ praktisk NAT 1002 kjem opp to dagar på rad. Norsk skriftleg hovudmål 1211 er oppsett veka etter, og Norsk skriftleg sidemål 1212 ei veke deretter.

Eg slit.

Min sirleg oppsette studieplan held nokonlunde mål når det gjeld naturfag, mens eg er i ferd med å synke rett til botns i norsken. Eg har oppretta denne bloggen først og framst for å kunne publisere dei tekstene eg produserer i henhald til oppgavene i Nexus, slik at eg har eitt konkret "publikum" å vise fram tekstene til, og i beste fall få tilbakemelding på det eg gjer.

Eg føl ikkje noko konkret undervisningsopplegg a la Sonans eller Akademiet, og det kan opplevas som tungt å ikkje være i eitt studiemiljø der ein i lag med andre i same situasjon får ein læringsstruktur og ikkje minst fortløpande feedback. Sjølvsagt.

Now, let's go to work.