Eg skal være kortfatta.
Magefølelse før eksamen: Kriblande, leseinnspurten gjorde krav på dei gira eg hadde..
3o minutt førebuing: For lite tid, oppgavene var langt i frå mine favorittemner
Norsk Muntleg Eksamen: s-t-r-e-s-s
Resultat: Karakteren seks (6)
puh... då er det dags att läsa naturfag, eksamen i morgon!
Blogg om det å være privatist med oppmelding til alt for mange eksamenar i Norsk og Naturfag, med alt for lite tid til å lese.
onsdag 17. november 2010
tirsdag 16. november 2010
Wergeland vs. Welhaven
OPPGAVEFORMULERING: Sett opp ei samanlikning korleis “det norske” vart sett frå augene til Wergeland og Welhaven. Skriv ei kort fagtekst.
Wergeland vs. Welhaven
I gode og onde dagar, heilt til døden skil dykk ad. Slik lyd det når prosten viar to menneske til kvarandre, for å leve i harmonisk samliv til dei vert gamle og går kvar sin veg til sist. I Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven sitt samkvem vart det mest av dei onde dagane, og dei skulle vise seg å være livsvarige.
Wergeland og Welhaven var nær jamngamle, berre eitt halvt år skilde dei, og dei møtte kvarandre i studiemiljøet i Christiania i om lag 1826. Etter å ha teikna “ein illustrasjon til åpningsdialogen i Wergelands kosmologiske dikt Skabelsen, Mennesket og Messias” , såg Welhaven seg so uenig i Wergeland si diktning, at han fekk publisert eitt anonymt dikt i Morgenbladet som heitte “Til Henrik Wergeland”[1]. Dette diktet var ein kvass kritikk av Wergeland si diktning, og starta det som skulle bli den livsvarige striden mellom dei to diktarane.
Språkstrid
Ein av dei største uenighetene mellom Wergeland og Welhaven dreidde seg om korleis det norske skriftspråket skulle formas. Mens Wergeland i sin patriotisme ville lausrive seg frå danskane på alle område, og kjempe for eitt eige norsk skriftspråk, var Welhaven like bastant i si tru på at Norge som ung nasjon måtte bygge sin kultur på dei gamle europeiske tradisjonane, og då spesielt den danske. [2]
Diktarkamp
Det påstås at det var motstanden mot Wergeland si utradisjonelle lyriske form som anspora Welhaven til å ta opp lyrikken [3]. Wergeland skreiv spontant og i ubunden form;

Dit første Græs er mig meer værd end en Smaragd.
Jeg kalder dine Anemoner Aarets Pryd,
skjøndt jeg nok veed, at Roserne ville komme. [4]
, mens Welhaven sverga til den tradisjonelle bundne forma;
I setter Norge høyt blant Jordens riker; –
men akk, hva er dets heder og dets makt,
når de må sikres ved en amme-vakt
som svake barn og uerfarne piker? [5]
Begge diktarane vert ansette for å tihøyre romantikken, men historisk viser det seg at kampen mellom dei to fekk meir merksemd enn sjølve lyrikken dei leverte.
Politisk partisjon
Kampen mellom desse to lyrikarane fekk eitt høgdepunkt då Welhaven starta Intelligenspartiet som ei motvekt til Wergeland sitt Patriotane. Welhaven samla sine kontinentale vener til kamp mot Wergeland sine uavhengighetsforkjemparar. Høgdepunktet i striden var angivelig slåsskampen som oppsto mellom representar for dei to partia på parketten under premieren av stykket Campbellerne av Wergeland. [2]
Produktiv patriotisme vs. doven danske?
Det er interessant å samanlikne dei to diktarane sine liv i etterkant av Christiania-perioden. Etter kvart endte Welhaven opp som filosofiprofessor, men haldt fram med diktninga. Wergeland fullførte teologistudiet, og vart seinare kjent som riksantikvar folkeopplysar, jødeforkjempar og faren til den 17. mai-feiringa me kjenner i Norge i dag.
“Det norske” sett gjennom dei to forfattarane sine auge var kanskje ulikt på utsida, men ved å dykke ned i den omfattande litteraturen som finns om dei begge, dukkar likskapen opp etter kvart.
Kjeldeliste
[1] Wikipedia om J. S. Welhaven, lest 16. november 2010
[2] http://norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/fuv/gullato/trekantdrama.htm
[3] http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/1983150.html
[4] Sitat frå Wergeland sitt dikt Til Foraaret, frå Lokus sine fagnettsider tilhøyrande Grip teksten
[5] Frå utdrag av Norges Dæmring, på Lokus sine fagnettsider tilhøyrande Grip teksten
Skrik 2
I morgon har eg muntlig norskeksamen... og eg er so langt unna forståelsen av norskpensumet!
Eg viser til den glimrande bloggartikkelen skriven av den digitale norsklæraren:
Denne traff meg rett i hjarterota!
Det eg har fokusert på den siste tida er å produsere læreplanrelatert tekst som du kan lese i denne bloggen, men ting tek mykje lengre tid ein kva ein kan tenke seg til i utgangspunktet...
Slik er imidlertid det tøffe privatistlivet, uansett gler eg meg stort til å være ferdig med første milepæl, eksamenskarakteren postas her i morgon kveld :)

Vassfast kjærleik
Oppgaveformulering: Analyser og vurder annonsen for Imsdal kildevann.
Vassfast kjærleik
Vatn dekker 70% av jordas overflate, skal ein tru Wikipedia sine nettsider. Kor mange prosent av jorda som er dekt av kjærleik er ikkje matematisk fastslått, men i følge reklamebyrået Bates, Backer & Spielvogel er det ein klar samanheng mellom reint vatn og hugleik.
Denne analysen skal omhandle ei reklameannonse for kjeldevatnet Imsdal, som er trykt i norsklæreboka mi. 1 Antageleg er reklamen opprinneleg sett på trykk som ei større avisannonse, men den kan også være henta frå ein reklameplakat. Tittelen som henspeler på kjærleik, og hovedbildet som viser far og son i lag, tyder på at målgruppa i hovedsak er foreldre og hushaldningar med barn.
Temaet i annonsen er kjærleik, og uttrykkes direkte i tittelen, indirekte i hovedbildet, og klart i brødteksten. Bruken av tekst og bilde harmonerer med temaet, og soleis framstår annonnsen som balansert og relativt nøytral i utforminga. Hensikta med reklamen er openbart å selge meir Imsdal til familiehushaldningar, og dermed etablere ein forbindelse til barna, som veks opp til å bli konsumenter over tid.
Utforminga av annonsen er assymetrisk og utradisjonelt samansett, med ein tittel som dekker tilnærma heile venstre halvsida, eitt hovudbilete som tek meir enn halve av den høgre sida, brødtekst under hovudbilete, og produktbilete samt slogan nedst i høgre hjørnet. Utforminga er assysmetrisk.
Tittelen er typografisk utforma til å stå “på høgkant” på venstre sida av annonsen, og dannar dermed ein kontrast til hovudbiletet på høgre sida. Fonten er “sans serif”, og konsekvent i blokkbokstavar. Ved å oppføre tittelen på denne måten, representerer det eitt typografisk stilbrudd som gjer at blikket automatisk søker til det meir tydelege biletet ved første augekast. Deretter vil lesaren gå tilbake til tittelen, som er skreven på ein slik måte at ein er nøydd til å bruke litt ekstra tid på å forstå bodskapen. Dermed oppnår avsendaren nokre verdifulle sekund ekstra merksemd. Det skal bemerkas at tittelen mest sannsynleg er trykk i farger opprinnelig, og vil då utgjere ein annan balanse til temabiletet.
Temabiletet dekker som nevnt meir enn halve høgresida, og famstiller ein far som bær sonen sin i venstre handa, og held sonen sin bamse i høgre hand. Motivet er isolert frå bakgrunnen ved å nytte effekten av liten dybdeskarpheit i objektivet, slik at ein må sjå litt ekstra etter for å kunne slå fast at dei befinn seg utandørs. Faren går på ein grusveg, og me kan sjå eitt steingjerde og skog i bakgrunnen. Det ser ut til at sola skin, og ein får assosiasjonar til ein søndagstur med familien ein fin sumardag.
Faren på biletet er røft kledd, med ei opa flanellskjorte over ei kvit T-skjorte, og jeans som er oppbretta lik marsjbuksene dei brukar i militæret. Han har høge tursokkar og går med solide marsjstøvlar. Totalinntrykket av faren er at han er sterk og trygg, men viser samtidig ei mjukare faderleg side når han ber sonen og bamsen hass.
Sonen er kledd for å være utandørs, og matcher faren sitt antrekk til og med jakka som er knytt rundt livet. Han peiker openbart på noko mottakaren ikkje kan sjå, og vekker ei nysjerrighet over kva som er so interessant. At faren ser opmerksamt i same retning som mora peiker, underbygger fellesskapet dei i mellom og ikkje minst oppunder mottakaren si nysjerrighet. Bildet gjev eitt inntrykk av å være amerikansk, kan hende far og son ser på mor som har dekka til ein stor og god pikniklunsj på eitt tjukt og godt pledd som ligg på graset?
Øvst i høgre hjørnet av biletet, utanfor det ordinære “lesemønsteret” til mottakaren, men jamvel godt synleg med sin kvite font, står logoen til bryggeriet Ringnes. Dei er ansvarlege for tapping og distribusjon av kjeldevatnet Imsdal, og er soleis mest sannsynleg dei som betalar for annonsen, sidan det ikkje er oppført navn på detaljistar som Coop eller Rema 1000. Dette tyder på at annonsen er nytta som “branding”, eller merkevarebygging som det heiter på norsk. I følge nettsida til Ringnes har dei solgt Imsdal sidan 1994. 2
Nedst i høgre hjørne av annonsen ser me bilde av ei duggfrisk Imsdal 0,5L flaske. Flaska sin posisjon sikrar at den får merksemd, blikket blir nærast dratt ned til høgre når ein les ei slik reklame. TIl venstre for flaska står ein apellativ brødtekst, ein informativ faktatekst og ein ekspressiv slogan.
Heilskapen i annonsa ser ut til å være godt gjennomtenkt og profesjonelt utført, tittelen og dei to bileta bygger eitt tema som knytter kjærleiken opp mot synet av ei Imsdal-flaske. For dei som vil ha meir informasjon enn førsteinntrykket åleine, står det to avsnitt med både apellativ og informativ tekst pent innramma mellom tittelen og produktbiletet, og med temabiletet som tak.
Orker du ikke å gi og motta kjærlighet, mangler du noe vesentlig i hverdagen
Kven kan seie i mot denne påstanden, som er den første i brødteksten til denne annonsa? Teksta er ekspressiv, retorisk, nyttar seg av det sterkt verdiladde ordet kjærlighet, og baserer seg på overtalelsesknepet generalisering. Påstanden vert ikkje på nokon måte begrunna, og er difor openbart ein skjult argumentasjon som går rett i patos-nerven på ein sliten familiefar i tidsklemma. Når avsnittet rundas av med å påstå at vatn er ein forutsetning for kjærleikslivet, er det ei generalisering som kan samanliknas med påstanden om at sola er ei forutsetning for at du kan kjøpe mjølk i butikken.
Det andre avsnittet i brødteksta opnar friskt med ein påstand om at vatn bør prøvas i kampen mot stress og hodepine, noko som er eitt almennt kjent faktum, utan at det vert ytterlegare begrunna i teksta. Hodepine og stress er verdiladde ord som gjev assosiasjonar til negative opplevingar, smerte og sjukdom. Teksta resonnerer vidare med nokre udokumenterte fakta om kroppens vassinnhald, og åtvarer om store konsekvensar for liv og velvære om ein ikkje etterfyller tanken jamnleg.
Teksta spelar altso direkte på det vitskapen har oppdaga, nemlig at det er viktig at DU er tilstrekkeleg hydrert til ein kvar tid. Like fullt er det eitt stykke frå ein vitskapeleg rapport til å kaste om seg med påstandar som dette utan å eingong referere til ei kjelde. TIl sist kjem argumentet om at vatn er viktig, “enten du vil elske eller er elsket”. Dette er svulstig patos, og er skrive i klassisk reklamespråk, ei kort apellativ setning med eitt bombastisk bodskap.
I faktateksta ved sidan av flaska opnas det eitt logos-messig vindu. Ein kan vanskeleg bestride påstanden til Ringnes om at Imsdal-vatnet kjem direkte frå kjelda, og at det er tappa på miljøvenlege returflasker. Patos kjem derimot inn igjen på direkte vis i setningsledddet;
[...] DET RENE,
Orda gjev assosiasjonar til positive opplevingar og norsk, rein natur. Igjen er det ingen tyngde bak argumenta, men det spelas spesifikt på oss nordmenn sin nasjonalromantiske sit bilde av kvar ein dag som på biletet av brudeferda i Hardanger.
Bates, Backer & Spielvogel som er kreditert i høgre hjørne var antageleg eitt større internasjonalt reklamebyrå. Eitt Google-søk 3 på dette navnet gjev i dag ingen konkrete resultat, anna enn omtalen av ein reunion for tidlegare ansatte i nettsida Adage.com:
Denne Imsdal-reklamen er eitt profesjonelt marekedsføringsprodukt. Annonsen har eitt tydeleg tema, inneheld original typografi, og det gjeng klart fram av heilskapen at det må ha vore ein god forarbeidsprosess med idemyldring, inventio, i forkant av utformingsfasen. Valet av temabiletet og ordvala i teksten, elocutio, kan karakteriseras som svulstig patos tilnærma blotta for fakta, men ikkje noko av annonsen skil seg ut som støtande eller på ana måte. Til sist er det klart at språkvask og komposisjon er gjennomarbeidd, ingenting av det ein ser er tilfeldig.
Om eg fekk lyst til å kjøpe meir Imsdal etter å ha sett annonsa? Tja, Imsdal er eitt veldig godt innarbeidd merkenavn i Norge i dag, og eg innrømmer gjerne at eg ikkje kjøper andre drikker når eg ein sjeldan gong må ha noko å drikke og ikkje har tilgang til reint vatn i springen. Slik sett har denne reklamen vore eitt ledd i ein vellukka branding-kampanje for dyrt, men tross alt sunt norsk vatn.
Det må være dette som er ekte vassfast kjærleik.
Kjeldeliste:
1 Dahl, Engelstad, Halvorsen, Jemterud, Torp, Zandjani: Grip teksten Norsk Vg 3 (2009), Aschehoug
2 Ringnes.no, lest 16. november 2010
3 Wikipedia.no, lest 16. november 2010
4 Adage.com, lest 16. november 2010

DEN SOM
DRIKKER
MEST
VISER
KJÆRLIGHET
BEST

FRISKE OG OKSYGENRIKE KILDEVANNET [...]
Orda gjev assosiasjonar til positive opplevingar og norsk, rein natur. Igjen er det ingen tyngde bak argumenta, men det spelas spesifikt på oss nordmenn sin nasjonalromantiske sit bilde av kvar ein dag som på biletet av brudeferda i Hardanger.
Bates, Backer & Spielvogel som er kreditert i høgre hjørne var antageleg eitt større internasjonalt reklamebyrå. Eitt Google-søk 3 på dette navnet gjev i dag ingen konkrete resultat, anna enn omtalen av ein reunion for tidlegare ansatte i nettsida Adage.com:
Backer & Spielvogel was not only one of the hottest shops of the early 1980s, it also proved to be one of the hottest agency reunions last night 4
Denne Imsdal-reklamen er eitt profesjonelt marekedsføringsprodukt. Annonsen har eitt tydeleg tema, inneheld original typografi, og det gjeng klart fram av heilskapen at det må ha vore ein god forarbeidsprosess med idemyldring, inventio, i forkant av utformingsfasen. Valet av temabiletet og ordvala i teksten, elocutio, kan karakteriseras som svulstig patos tilnærma blotta for fakta, men ikkje noko av annonsen skil seg ut som støtande eller på ana måte. Til sist er det klart at språkvask og komposisjon er gjennomarbeidd, ingenting av det ein ser er tilfeldig.
Om eg fekk lyst til å kjøpe meir Imsdal etter å ha sett annonsa? Tja, Imsdal er eitt veldig godt innarbeidd merkenavn i Norge i dag, og eg innrømmer gjerne at eg ikkje kjøper andre drikker når eg ein sjeldan gong må ha noko å drikke og ikkje har tilgang til reint vatn i springen. Slik sett har denne reklamen vore eitt ledd i ein vellukka branding-kampanje for dyrt, men tross alt sunt norsk vatn.
Det må være dette som er ekte vassfast kjærleik.
Kjeldeliste:
1 Dahl, Engelstad, Halvorsen, Jemterud, Torp, Zandjani: Grip teksten Norsk Vg 3 (2009), Aschehoug
2 Ringnes.no, lest 16. november 2010
3 Wikipedia.no, lest 16. november 2010
4 Adage.com, lest 16. november 2010
Fyrverkeriraljering
Tolkning av Fyrverkerigalenskap, eitt leserinnlegg på side 322 i Grip teksten Vg 3
“Fyrverkerigalenskap” tek føre seg temaet fyrverkeri på nyårskvelden, og vinklinga til denne teksta er klart negativ til både støy ved avfyring, risikoen ved bruk, summane folk brukar og motivasjonen til fyrverkeriforhandlarane.
Eg vil opna denne analysen med litt ETOS.
Etos er gresk og tyder sedvane eller moralsk holdning. I retorikken omtalas ordet som “apellen til moralen” og tek føre seg truverdet til avsendaren av bodskapen. I dette leserinnlegget er det vanskeleg å tolke kva truverd denne forfattaren har. I følge oppgaveformuleringa er det eitt lesarinnlegg, men det finns ingen konkrete kildehenvisningar utover dette. Det finn altso ingen opplysningar om kor tid innlegget skal være skrive, kven som har skrive innlegget eller i kva medium innlegget er publisert. Skal eg behalde mitt eige truverde i denne analysen, so er eg på bakgrunn av nevnde opplysningar nøydd til å karakterisere forfattaren av innlegget som lite truverdig.
I det daglege er begrepet lesarinnlegg brukt om kortfatta ytringar publisert i eitt trykt medium, av type avis eller magasin. Sidan dette innlegget er anonymt og henta inn i ei norsklærebok, kan eg berre anta at innlegget vart skrive for å stå på trykk i ei norsk lokalavis. Eg vel å sjå vekk frå mogligheita for at dette innlegget vart skrive på eitt debattforum på internett, sjølv om denne type ytringar førekjem ofte på desse foruma.
Målgruppa til denne type innlegg er som regel den samla lesargruppa til det aktuelle mediet. Tekster som er oppbygd på denne måten vert ofte sorterte som usaklege, og vil difor oversjåast av majoriteten i lesargruppa. Med jamne mellomrom vil det like fullt være nokon som tek tråden vidare, og ofte kan det oppstå diskusjonar som utspelar seg over lengre tid, der tiltakande usaklegheit og personangrep jamnleg er ein del av debatten.
Innlegget opnar med tittelen “Fyrverkerigalenskap”. Dette er ein ekspressiv tittel, og består av to ord som er samanskrevne på ein tabloid måte. Tittelen speler på patos, altso lesaren sine kjensler, og forfattaren har valt å bruke eitt verdiladd ord; “galskap”, attåt det nøytrale substantivet fyrverkeri. Resultatet er ein tittel som vekker merksemd og i tillegg beskriv hovudsynet til forfattaren på ein god måte.
Dette er den første setninga i innlegget, det er eitt sterkt personleg synspunkt, og har premiss i tittelen, som slår fast at fyrverkeri er galskap. Setninga bygger vidare på den ekspressive karakteren, og er so kraftig formulert at det er naturleg å lese vidare i teksta for å få tak i argumentasjonen bak påstanden. Allereie etter å ha lest tittelen og den første setninga, kan ein ha ei sterk formeining om det saklege nivået i resten av ytringa, men antagleg vil dei fleste velge å lese vidare, om ikkje anna enn for å sjå kor langt ein kan tøye strikken i den eine eller andre retninga.
Til slutt i første avsnitt kan ein lese at nyårsaftan har utvikla seg til å verte ein “uhyggeskveld”, og forfattaren legg vekt på skadevirkningane av rakettane på både materielle so vel som organiske verdiar. Når forfattaren nyttar orda “over alt” for å beskrive kor den farlege nyårsfeiringa skjer, er det ei generalisering av omfanget og må karakteriserast som ein usakleg påstand, og eitt overtalelsesknep det ikkje er råd å korkje dokumentere eller argumentere sakleg mot.
Den første setninga i andre og siste avsnitt går til åtak på den jamnde brukar av fyrverkeri, som her vert generalisert i fleirtal som “leikelystne”, av tyrannisk natur, og deltek alle i denne “vanvettige nyttårsfeiringa”. Patos i slike ordval må seiast å være sterk, igjen slår synspunkta lesaren som usaklege og raljerande. I tillegg nyttas fleirtalsknepet med ordet “oss”.
Enno har ikkje forfattaren avdekt sin Logos, eller sitt faktagrunnlag som det heiter på norsk. Den einaste konkrete opplysninga i innlegget er at fyrverkeri-forbruket er over 150 millionar. Kven som brukar 150 millionar, og i kva valuta eller måleeining kjem ikkje fram i setninga. Ein må anta at det dreier seg om eitt pengebeløp, for i same setning er det nevnt at summen er “meir enn vi samlar inn i TV-aksjonane om hausten”.
Heilt til sist rundas innlegget av med påstanden om at fyrverkeriimportørane driv eitt farleg spel basert på profittbegjær. Sidan ønsket om profitt nettopp er grunnlaget for det meste av sunn forretningsdrift, må påstanden vurderas etisk som usakleg. Igjen nyttar forfattaren verdiladde ord som “sprengstoff” og “farleg”. Legg ein til at argumenta enno ikkje er drøfta sakleg, peikar alle pilene i retning av at dette er ei meiningsytring ein ikkje kan forholde seg til seriøst.
Når det gjeld komposisjonen av innlegget, er det vanskeleg å sjå ei klar disponering av teksta. Inventio er klar på sakas tema, og apellforma er utelukkande Patos, om ikkje patetisk. Dispositio er til dels ustrukturert utanom avsnittsdelinga midt i innlegget, men det må nevnas at det første avsnittet viser ei effektiv oppbygging av det negative perspektivet til forfattaren. Påstanden i tittelen vert her tydeleg utgreidd ved hjelp av ein Elocutio av eksplosiv art.
Dette lesarinnlegget har ei klar provokativ hensikt, og tek i bruk usaklegheit og generalisering som framste overtalelsesvåpen. På nettet kallas gjerne forfattarane av desse ytringane for troll, og vert ofte sparka ut av sine respektive debattforum. Kan hende spinn verda so fint vidare utan slike lesarinnlegg, men so lenge det finns dei som svarer på innlegga og tek diskusjonen vidare, vil dei fortsette å sette farge på den til ein kvar tid pågåande samfunnsdebatten.

No må det setjast totalforbod mot all slags fyrverkeri i privat regi.

søndag 14. november 2010
Ei fornuftig opplysning om det moderne framskritt
Oppgaveformulering: Ei drøfting av det moderne prosjektet, med utgangspunkt i tre sentrale tekster frå opplysninga, via realismen til i dag. Viser til læreplana pkt. 4.1
... og opplysninga leidde vankunna ut av mørkret
Slik laud altso beskjeden frå Jesper, som hadde ridd sendebod til Jeronimus, den framtidige svigerfarentil hr. Montanus. Sitatet understreker kva som var den almenne oppfatninga av verdsbildet i ei lita dansk bygd tidleg på 1700-talet.
Det er i dag ingen tvil om at jorda faktisk er rund, eitt søk på Google returnerer mange fine bilder av den fotballforma blåe planeten me bur på. Sjølvsagt har me også lært om denne vitskapelege vrangforestillinga på skulen, etter at me lærte å lese og skrive morsmålet vårt. Norge som samfunn og stat har ei godt opplyst befokning. Like fullt skal det bemerkes at den jamne studiekompenserte nordmann endå ikkje har kapasitet til å ha kunna disputert med Erasmus på latin, som i all tid har vore dei lærdes skrift- og talespråk.
Og når ein er inne på temaet opplyst befolkning, lat oss hoppe til Ibsen oppgav som “en kystby i det sydlige Norge” 2
Dr. Stockmann, i Ibsen sitt stykke En folkefiende,(1882), møter motbør av av sin bror byfogden, då han ville publisere oppdaginga om at vasskjelda til det planlagte kurbadet var giftig.
Kurbadet var ansett som den økonomiske og folketalsmessige berginga for byen, og Stockmann sin oppdagelse vil utsette åpninga med minst to år. Uvanta møter han også motstand i redaksjonen i lokalavisa Folkebudet, som skulle målbære Stockmann sine opplysningar om det forgifta grunnvatnet:
I dag har pressa lovfesta trykkefridom, men like fullt styras media av ein redaksjon beståande av individ som har sine personlege forbindelsar, politisk so vel som økonomisk. Kan hende var det denne redaksjonelle styringsretten som tok arbeidslysta frå karakteren som skal nevnas i neste avsnitt?
Hovedpersonen i Erlend Loe si bok NAIV.SUPER, fortel om ein tur til New York, i lag med den etter sigande ikkje altfor sympatiske broren.Det mest fornøyelege kapittelet i heile boka tek føre seg ei økt med søking på norske lågmålsord i databasen til New York Public Library. Eitt søkeeksempel som vert beskrevne i boka:
, som returnerte eitt treff på forfattaren Pupp, Wolfgang og verket Vakuumteknik (1972).
Om ein legg til Google, Bing, Kvasir og alle dei store søkemotorane, so er det lett å slå fast at tilgangen på informasjon har blitt dramatisk forbetra. Like fullt skal ein ha i minnet at dei store søkemotorane er drevne av kommersielle aktørar, som lever av å legge sine kunder øvst på trefflista til einkvar tid.
Dåtidas tilgang på kunnskap var i stor grad begrensa til eitt fåtal offentlege bibliotek, i tillegg til at det gjekk eitt klasseskille mellom dei som hadde råd til å la ungane sine lære lesekunsten, og dei familiane som trengte borna til fysisk arbeide. Dagen kunnskapstilgang er tilnærma ubegrensa, og i den vestlige verda er de aller fleste born lesekundige. Spørsmålet som likvel bør stillast er då om støyen i informasjonsjungelen faktisk har gjort det lettare å desinformere samfunnet når det gjeld dei største og overordna sakene?
Framskrittet har visstnok gjort alt so mykje lettare!
I Holberg sin komedie diskuterer Erasmus med sin bror Jacob, som er bonde på farsgarden. Ovenståande sitat er eitt morosamt eksempel på kva relevans vitskapen hadde for ein bonde på 1700-talet. I dag er situasjonen annleis, utan forskninga hadde ikkje landbruket hatt tilgang til kunstgjødsel og genteknologi, som i dag gjer det mulig å mette mange av jordas seks milliardar menneske. På den andre sida må det sjølvsagt tilføyas at dei var ikkje fullt so mange på 1700-talet, og dei aller fleste var sjølvforsynte med sine eigne matvarer.
I tillegg til å kunne velge fritt blant eitt utal forskjellige matvarer i butikkane, har me i likskap med Loe sin karakter anledning til å reise til New York, akkurat når det måtte passe oss sjølve. Det er kanskje ikkje noko broren til Erasmus ville sett særleg stor pris på, for kva var vel å sjå i New York i 1722 egentlig?
Når ein snakkar om friheita til å reise, bør ein i denne samanhengen også ta med dei hotella som i dag tilbyr korte og lange Spa-weekends over heile verda, godt for kropp og sjel. Ein må jo rekne det som eitt betydeleg framskritt frå dr. Stockmann sitt omdiskuterte kurbad?
Handlinga i En folkefiende må likevel tilskrivas maktmisbruk og kameraderi innad i ein liten kommune, enn at 1800-talets kurbad var særskilt mindre sunne enn dagens kurbad. Problemet med lokalkorrupsjon og egenbeskyttelsen av økonomiske interesser framstår i dagens mediebilde med jamne mellomrom, og eksisterer antagelegvis like fullt, det får berre større offentleg konsekvens når det først vert kjend.
... og fornuften kasta naiviteten ut frå festen
Erasmus Montanus bestemte seg for å stå i mot presset om å slå frå seg teorien om verdas rundhet, til fordel for å få velsignelse for å gifte seg med kjærasten Elisabeth. I dag veit me som sagt bedre enn svigerforeldra til Erasmus, men er det ikkje slik med denne vitskapen at ein skal stille seg tvilande til alt? Uansett hadde jo Erasmus i all sin enfoldige standhaftighet rett!
Rett hadde jo også dr. Stockmann i si naivt blinde tru på på seg sjølv som ein folkevenn, sjølv om obsternasigheten fekk økonomiske konsekvensar for familien, og han i slutten av stykket møtte sterk motstand frå heile byen, inkludert smårampen som kasta stein gjennom stuevindua hass: “De stenene skal jeg gjemme som en helligdom. Eilif og Morten skal få se på dem hver dag, og når de er blitt voksne, skal de få dem i arv etter meg.” 2
Kva skal me so seie om karakteren til Loe, som berre sig retningslaust gjennom livet? Rett nok kjem han fram med nokre artige betraktningar og underfundige synsvinklar på verda;
...men kor er engasjementet som Erasmus og Tomas Stockmann la for dagen? Den navnlause greier seg alltids på eitt vis i vårt solide velferdssamfunn, men kva hadde skjedd med ein slik skapning om han var fødd på ein liten husmanssgard på 1700-talet? Vart det i det heile fødd slike figurer då? Er dei retningslause sin eksistens eitt bevis på at evolusjonen har ein ryddejobb å gjere?
Framskrittet har kan gjort alt enklare for det moderne mennesket, men det er stor sannsynlegheit for enkelheta og komforten rett og slett har jaga engasjementet på dør. Naiviteten lever visst i beste velvære.
Kilde- og referanseliste
1 Holberg, Ludvig (1722): Erasmus Montanus
2 Ibsen, Henrik (1882): En folkefiende, Ibsens samlede verker, Gyldendal
3 Loe, Erlend (1996): NAIV. SUPER, Cappelen

JESPER: [...] hils kun Rasmus Berg, sa han, og si ham at jeg og min hustru er begge skikkelige og gudfryktige folk, som heller vrir halsen om på vår datter enn gir henne til en der sier at jorden er rund, og fører falsk laerdom her inn i byen. 1
Slik laud altso beskjeden frå Jesper, som hadde ridd sendebod til Jeronimus, den framtidige svigerfarentil hr. Montanus. Sitatet understreker kva som var den almenne oppfatninga av verdsbildet i ei lita dansk bygd tidleg på 1700-talet.
MONTANUS: I godt folk! hils monsieur Jeronimus igjen, og si ham at han gjør synd deruti at han vil tvinge meg å stå fra det som jeg en gang har sagt, hvilket er mot leges scholasticas og consvetudines laudabiles.? 1
Det er i dag ingen tvil om at jorda faktisk er rund, eitt søk på Google returnerer mange fine bilder av den fotballforma blåe planeten me bur på. Sjølvsagt har me også lært om denne vitskapelege vrangforestillinga på skulen, etter at me lærte å lese og skrive morsmålet vårt. Norge som samfunn og stat har ei godt opplyst befokning. Like fullt skal det bemerkes at den jamne studiekompenserte nordmann endå ikkje har kapasitet til å ha kunna disputert med Erasmus på latin, som i all tid har vore dei lærdes skrift- og talespråk.
Og når ein er inne på temaet opplyst befolkning, lat oss hoppe til Ibsen oppgav som “en kystby i det sydlige Norge” 2
Dr. Stockmann, i Ibsen sitt stykke En folkefiende,(1882), møter motbør av av sin bror byfogden, då han ville publisere oppdaginga om at vasskjelda til det planlagte kurbadet var giftig.
DOKTOR STOCKMANN. (vedblir uforstyrret). For nu er det ikke bare dette med vannverket og kloakken alene, ser De. Det er hele samfunnet som skal renskes, desinfiseres. 2
Kurbadet var ansett som den økonomiske og folketalsmessige berginga for byen, og Stockmann sin oppdagelse vil utsette åpninga med minst to år. Uvanta møter han også motstand i redaksjonen i lokalavisa Folkebudet, som skulle målbære Stockmann sine opplysningar om det forgifta grunnvatnet:
HOVSTAD. De har så fullkommen rett; men en redaktør kan ikke handle som han helst ville. En får ofte bøye seg for folks mening i det mindre viktige. Politikken er jo dog hovedsaken i livet - eller for et blad i allfall; og vil jeg få folk med meg på frigjørelse og fremskritt, så må jeg ikke skremme dem fra meg. [. ..] 2
I dag har pressa lovfesta trykkefridom, men like fullt styras media av ein redaksjon beståande av individ som har sine personlege forbindelsar, politisk so vel som økonomisk. Kan hende var det denne redaksjonelle styringsretten som tok arbeidslysta frå karakteren som skal nevnas i neste avsnitt?
Hovedpersonen i Erlend Loe si bok NAIV.SUPER, fortel om ein tur til New York, i lag med den etter sigande ikkje altfor sympatiske broren.Det mest fornøyelege kapittelet i heile boka tek føre seg ei økt med søking på norske lågmålsord i databasen til New York Public Library. Eitt søkeeksempel som vert beskrevne i boka:
You searched for the AUTHOR: pupp 3
, som returnerte eitt treff på forfattaren Pupp, Wolfgang og verket Vakuumteknik (1972).
Om ein legg til Google, Bing, Kvasir og alle dei store søkemotorane, so er det lett å slå fast at tilgangen på informasjon har blitt dramatisk forbetra. Like fullt skal ein ha i minnet at dei store søkemotorane er drevne av kommersielle aktørar, som lever av å legge sine kunder øvst på trefflista til einkvar tid.
Dåtidas tilgang på kunnskap var i stor grad begrensa til eitt fåtal offentlege bibliotek, i tillegg til at det gjekk eitt klasseskille mellom dei som hadde råd til å la ungane sine lære lesekunsten, og dei familiane som trengte borna til fysisk arbeide. Dagen kunnskapstilgang er tilnærma ubegrensa, og i den vestlige verda er de aller fleste born lesekundige. Spørsmålet som likvel bør stillast er då om støyen i informasjonsjungelen faktisk har gjort det lettare å desinformere samfunnet når det gjeld dei største og overordna sakene?
Framskrittet har visstnok gjort alt so mykje lettare!
MONTANUS: Så holder du grovt bondearbeid for det viktigste?
JACOB: Jeg vet ikke, men det vet jeg, at om vi bønder ville også ta en penn eller et stykke kritt i hånden og måle hvor langt der er til månen, da ville I høylaerde snart få en ulykke i jer maver. 1
I Holberg sin komedie diskuterer Erasmus med sin bror Jacob, som er bonde på farsgarden. Ovenståande sitat er eitt morosamt eksempel på kva relevans vitskapen hadde for ein bonde på 1700-talet. I dag er situasjonen annleis, utan forskninga hadde ikkje landbruket hatt tilgang til kunstgjødsel og genteknologi, som i dag gjer det mulig å mette mange av jordas seks milliardar menneske. På den andre sida må det sjølvsagt tilføyas at dei var ikkje fullt so mange på 1700-talet, og dei aller fleste var sjølvforsynte med sine eigne matvarer.
I tillegg til å kunne velge fritt blant eitt utal forskjellige matvarer i butikkane, har me i likskap med Loe sin karakter anledning til å reise til New York, akkurat når det måtte passe oss sjølve. Det er kanskje ikkje noko broren til Erasmus ville sett særleg stor pris på, for kva var vel å sjå i New York i 1722 egentlig?
Når ein snakkar om friheita til å reise, bør ein i denne samanhengen også ta med dei hotella som i dag tilbyr korte og lange Spa-weekends over heile verda, godt for kropp og sjel. Ein må jo rekne det som eitt betydeleg framskritt frå dr. Stockmann sitt omdiskuterte kurbad?
DOKTOR STOCKMANN. Hele badeanstalten er en kalket forgiftig grav, sier jeg. Sunnhetsfarlig i aller høyeste grad! [...] 2
Handlinga i En folkefiende må likevel tilskrivas maktmisbruk og kameraderi innad i ein liten kommune, enn at 1800-talets kurbad var særskilt mindre sunne enn dagens kurbad. Problemet med lokalkorrupsjon og egenbeskyttelsen av økonomiske interesser framstår i dagens mediebilde med jamne mellomrom, og eksisterer antagelegvis like fullt, det får berre større offentleg konsekvens når det først vert kjend.
... og fornuften kasta naiviteten ut frå festen
Erasmus Montanus bestemte seg for å stå i mot presset om å slå frå seg teorien om verdas rundhet, til fordel for å få velsignelse for å gifte seg med kjærasten Elisabeth. I dag veit me som sagt bedre enn svigerforeldra til Erasmus, men er det ikkje slik med denne vitskapen at ein skal stille seg tvilande til alt? Uansett hadde jo Erasmus i all sin enfoldige standhaftighet rett!
Rett hadde jo også dr. Stockmann i si naivt blinde tru på på seg sjølv som ein folkevenn, sjølv om obsternasigheten fekk økonomiske konsekvensar for familien, og han i slutten av stykket møtte sterk motstand frå heile byen, inkludert smårampen som kasta stein gjennom stuevindua hass: “De stenene skal jeg gjemme som en helligdom. Eilif og Morten skal få se på dem hver dag, og når de er blitt voksne, skal de få dem i arv etter meg.” 2
Kva skal me so seie om karakteren til Loe, som berre sig retningslaust gjennom livet? Rett nok kjem han fram med nokre artige betraktningar og underfundige synsvinklar på verda;
Jeg har skrudd tempoet helt ned. Til null. 3
...men kor er engasjementet som Erasmus og Tomas Stockmann la for dagen? Den navnlause greier seg alltids på eitt vis i vårt solide velferdssamfunn, men kva hadde skjedd med ein slik skapning om han var fødd på ein liten husmanssgard på 1700-talet? Vart det i det heile fødd slike figurer då? Er dei retningslause sin eksistens eitt bevis på at evolusjonen har ein ryddejobb å gjere?
Framskrittet har kan gjort alt enklare for det moderne mennesket, men det er stor sannsynlegheit for enkelheta og komforten rett og slett har jaga engasjementet på dør. Naiviteten lever visst i beste velvære.
Vulgus indoctum est monstrum horrendum informe, cui lumen ademptum. 1
Kilde- og referanseliste
1 Holberg, Ludvig (1722): Erasmus Montanus
2 Ibsen, Henrik (1882): En folkefiende, Ibsens samlede verker, Gyldendal
3 Loe, Erlend (1996): NAIV. SUPER, Cappelen
lørdag 13. november 2010
Analyse av "Vi vandrer med freidig mot"
Henrik hyller DNT
Ei analyse av “Vi vandrer med freidig mot”, ein vandrertekst av Henrik Ibsen (1853)
“Her er vi i Guds natur!
Som bekken vill i fjellets ur”
Henrik Ibsen var ein av Norgesnaturen sin framste ambassadører. For dei som har gått Besseggen
eller opphalde seg i Jotunheimen generelt, vil linjene frå Peer Gynt sin ridetur over Gjendineggen vekke minner av den vakre klisjefylte villskapen i fjellheimen. Denne teksta er ikkje ein del av ei større samling, men Ibsen skreiv den under ei utflukt til Ulriken i Bergen, og er tonesett fleire gonger, i følge Wikipedia.
Teksta er ein motiverande turmarsj-tekst, og tek for seg ein glad gjeng som er på veg ut i den frie naturen. Diktet er delt i tre strofer, alle med seks linjer kvar i A-B enderimsform. Diktet er skreve i personal vi -form, steminga er på topp og som lerka jublar turfølget “høyt i sky vårt kvad.” Diktet er ladd med plussord som lett, rapp, glad, høyt og lystig. Tegnsettinga er moderat til sterk, og Ibsen sparer utropsteikna til å avslutte setningar som “(...) Guds natur!” og “(...) lyn og torden!”
Setningane er lette og jamnt rytmiske, og inneheld ingen klare brudd. Kontrastane i teksta er tilstades som i naturen, men bidreg til å bygge oppunder spenninga med det å være på tur.
Alt i alt gjer dei positive ordvalga, den lette rytma og det energiske engasjementet, diktet til ein rein hyllest av den norske naturen og det å være på tur i lag med andre. Som nevnt er diktet tonesett, og eg går ut i frå at teksta har vore framført av glade folk på tur i over hundre år.
Bodskapen er rett og slett trangen til å formidle turgleda, og at folk må komme seg utomhus og nyte det som vi nordmenn flest har utanfor trammen. Kvikk Lunsj er eitt velkjent turfølge, og det kan hende det smakar minst like godt å pakke Ibsen ned i sekken til neste tur?
Analyse av diktet "Elsk" av Arne Garborg
Tapt kjærleik
Ei hurtiganalyse av diktet “Elsk”, skreve av Arne Garborg, frå diktsyklusen Haugtussa.
Kjærleiken er universell og evigvarande, og den kjærleiken ein ikkje kan få er kanskje den sterkaste av alle. Då Arne Garborg skreiv dikta til klassikaren Haugtussa, var romantikken i full blomst, medan realismen og naturalismen i høgste grad var aktuelle. Diktet “Elsk” inneheld både bonderomantikken som kulisse, og realismen i form av at innhaldet ikkje på nokon måte er korkje idyllisk eller ser ut til å ende godt. Naturalistisk er diktet ikkje, sidan dei nedrige detaljane ikkje er medtekne.
“Elsk” handlar om ei bondejente som ventar på det ho kallar “den galne guten”.
“den galne guten, han gjeng så baus;
han veit at fuglen aldri vil laus”
I diktet får me innblikk i tankane til jenta, som openbart er svært forelska. Kvar strofe er ei erklæring om tilsynelatande endeslaus kjærleik, og i siste strofa viser det seg at han kjem til henne på søndag.
Temaet i diktet er håplaus kjærleik og sakn, og inneheld både draum og utsegn om kor stor makt kjærleiken har. I første strofe kjem det fram at ho stiller seg sjølv til for han,
“Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg så bandi brende!”
medan andre strofe peikar på det faktum at ho ikkje er verdig hass sin status som gardsgut.
“Ja kunne rett eg mi runelekse,
eg ville inn i den guten vekse;”
“Elsk” er eitt klart sentrallyrisk dikt i tradisjonell bunden form, med ei klar personal forteljarstemme. Diktet er oppdelt i sju typografisk like strofer, der kvar strofe har fire linjer som alle er skrevne i A-A-B-B enderimsform. Bruken av denotasjonar og bilder er sterk, og går igjen i alle strofene. Ordval og teiknsetting fastslår pasjonen og graden av kjærleik som jenta opplever til guten:
“Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg så bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg
at heile verda kom bort for meg!”
Den andre strofa inneheld bildet på at ho er vilkårslaus hass si jente, med å velge verbet å binde seier ho beint fram at ho er makteslaus ovanfor hass si vilje. I dei to siste linjene vel ho å nytte verbet å dra, som berre bygger oppunder hennar ønske om å bli knytt til han for æva. Begge setningane er avslutta med utropsteikn, som understreker kor sterkt ho ønsker at draumen hennar skal gå i oppfyllelse.
Kvar strofe i diktet har sitt eige sub-tema, til dømes har den første strofa temaet “den galne guten”, medan den andre strofa omhandlar ønsket om å bli bunden opp i kjærleiken. Spesielt i dei to første strofene blir temaet ordmessig gjenteke, og bygger under kven og kva ho tenkjer på. Den klanglege flyten er besørga av at strofene er typografisk like, og at enderima er so konsekvente. Diktet inneheld ingen nevneverdige brot i flyten.
Som lesar vert eg slått av dei sju strofene, som samla peiker på den sterke, tilnærma desperate forelskelsen jenta legg for dagen. Isolert sett nevner ikkje diktet nokon navn, men Haugtussa handlar om husmannsdattera Veslemøy og blant anna hennar håplause kjærleik til bondesonen Jon. Veslemøy kan ikkje få Jon grunna statusskilnaden, og Jon går seinare i handlinga til giftarmål med ei storgardsjente.
“Om vinden strid over heii susar,
det gule håret ditt visst han krusar;
om regnet dryp med sin døyvde gråt,
så stakkars guten, no vert du våt.”
Bruken av bilda på hennar makt over henne, og kor sterkt ho føler for han, bygger opp ein sympati for henne dess meir det kjem fram at det ho føler ikkje vert gjengjeldt. Slik eg oppfattar diktet so er temaet kjærleikssorg og sakn, men jamvel med det naive håpet om oppfyllelse av draumen.
Bodskapen i diktet er at ein skal halde seg til realiteten, og ikkje søke ut over eigne grenser og bæreevne.

Abonner på:
Innlegg (Atom)