tirsdag 16. november 2010

Wergeland vs. Welhaven

OPPGAVEFORMULERING: Sett opp ei samanlikning korleis “det norske” vart sett frå augene til Wergeland og Welhaven. Skriv ei kort fagtekst.

Wergeland vs. Welhaven

I gode og onde dagar, heilt til døden skil dykk ad. Slik lyd det når prosten viar to menneske til kvarandre, for å leve i harmonisk samliv til dei vert gamle og går kvar sin veg til sist. I Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven sitt samkvem vart det mest av dei onde dagane, og dei skulle vise seg å være livsvarige.

Wergeland og Welhaven var nær jamngamle, berre eitt halvt år skilde dei, og dei møtte kvarandre i studiemiljøet i Christiania i om lag 1826. Etter å ha teikna “ein illustrasjon til åpningsdialogen i Wergelands kosmologiske dikt Skabelsen, Mennesket og Messias” , såg Welhaven seg so uenig i Wergeland si diktning, at han fekk publisert eitt anonymt dikt i Morgenbladet som heitte “Til Henrik Wergeland”[1]. Dette diktet var ein kvass kritikk av Wergeland si diktning, og starta det som skulle bli den livsvarige striden mellom dei to diktarane.

Språkstrid
Ein av dei største uenighetene mellom Wergeland og Welhaven dreidde seg om korleis det norske skriftspråket skulle formas. Mens Wergeland i sin patriotisme ville lausrive seg frå danskane på alle område, og kjempe for eitt eige norsk skriftspråk, var Welhaven like bastant i si tru på at Norge som ung nasjon måtte bygge sin kultur på dei gamle europeiske tradisjonane, og då spesielt den danske. [2]

Diktarkamp
Det påstås at det var motstanden mot Wergeland si utradisjonelle lyriske form som anspora Welhaven til å ta opp lyrikken [3]. Wergeland skreiv spontant og i ubunden form;
Dit første Græs er mig meer værd end en Smaragd.
Jeg kalder dine Anemoner Aarets Pryd,
skjøndt jeg nok veed, at Roserne ville komme. [4]

, mens Welhaven sverga til den tradisjonelle bundne forma;

I setter Norge høyt blant Jordens riker; –
men akk, hva er dets heder og dets makt,
når de må sikres ved en amme-vakt
som svake barn og uerfarne piker? [5]

Begge diktarane vert ansette for å tihøyre romantikken, men historisk viser det seg at kampen mellom dei to fekk meir merksemd enn sjølve lyrikken dei leverte.

Politisk partisjon
Kampen mellom desse to lyrikarane fekk eitt høgdepunkt då Welhaven starta Intelligenspartiet som ei motvekt til Wergeland sitt Patriotane. Welhaven samla sine kontinentale vener til kamp mot Wergeland sine uavhengighetsforkjemparar. Høgdepunktet i striden var angivelig slåsskampen som oppsto mellom representar for dei to partia på parketten under premieren av stykket Campbellerne av Wergeland. [2]

Produktiv patriotisme vs. doven danske?
Det er interessant å samanlikne dei to diktarane sine liv i etterkant av Christiania-perioden. Etter kvart endte Welhaven opp som filosofiprofessor, men haldt fram med diktninga. Wergeland fullførte teologistudiet, og vart seinare kjent som riksantikvar folkeopplysar, jødeforkjempar og faren til den 17. mai-feiringa me kjenner i Norge i dag.

“Det norske” sett gjennom dei to forfattarane sine auge var kanskje ulikt på utsida, men ved å dykke ned i den omfattande litteraturen som finns om dei begge, dukkar likskapen opp etter kvart.


Kjeldeliste

[1] Wikipedia om J. S. Welhaven, lest 16. november 2010

[2] http://norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/fuv/gullato/trekantdrama.htm

[3] http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/1983150.html

[4]  Sitat frå Wergeland sitt dikt Til Foraaret, frå Lokus sine fagnettsider tilhøyrande Grip teksten

[5]  Frå utdrag av Norges Dæmring, på Lokus sine fagnettsider tilhøyrande Grip teksten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar