... og opplysninga leidde vankunna ut av mørkret
JESPER: [...] hils kun Rasmus Berg, sa han, og si ham at jeg og min hustru er begge skikkelige og gudfryktige folk, som heller vrir halsen om på vår datter enn gir henne til en der sier at jorden er rund, og fører falsk laerdom her inn i byen. 1
Slik laud altso beskjeden frå Jesper, som hadde ridd sendebod til Jeronimus, den framtidige svigerfarentil hr. Montanus. Sitatet understreker kva som var den almenne oppfatninga av verdsbildet i ei lita dansk bygd tidleg på 1700-talet.
MONTANUS: I godt folk! hils monsieur Jeronimus igjen, og si ham at han gjør synd deruti at han vil tvinge meg å stå fra det som jeg en gang har sagt, hvilket er mot leges scholasticas og consvetudines laudabiles.? 1
Det er i dag ingen tvil om at jorda faktisk er rund, eitt søk på Google returnerer mange fine bilder av den fotballforma blåe planeten me bur på. Sjølvsagt har me også lært om denne vitskapelege vrangforestillinga på skulen, etter at me lærte å lese og skrive morsmålet vårt. Norge som samfunn og stat har ei godt opplyst befokning. Like fullt skal det bemerkes at den jamne studiekompenserte nordmann endå ikkje har kapasitet til å ha kunna disputert med Erasmus på latin, som i all tid har vore dei lærdes skrift- og talespråk.
Og når ein er inne på temaet opplyst befolkning, lat oss hoppe til Ibsen oppgav som “en kystby i det sydlige Norge” 2
Dr. Stockmann, i Ibsen sitt stykke En folkefiende,(1882), møter motbør av av sin bror byfogden, då han ville publisere oppdaginga om at vasskjelda til det planlagte kurbadet var giftig.
DOKTOR STOCKMANN. (vedblir uforstyrret). For nu er det ikke bare dette med vannverket og kloakken alene, ser De. Det er hele samfunnet som skal renskes, desinfiseres. 2
Kurbadet var ansett som den økonomiske og folketalsmessige berginga for byen, og Stockmann sin oppdagelse vil utsette åpninga med minst to år. Uvanta møter han også motstand i redaksjonen i lokalavisa Folkebudet, som skulle målbære Stockmann sine opplysningar om det forgifta grunnvatnet:
HOVSTAD. De har så fullkommen rett; men en redaktør kan ikke handle som han helst ville. En får ofte bøye seg for folks mening i det mindre viktige. Politikken er jo dog hovedsaken i livet - eller for et blad i allfall; og vil jeg få folk med meg på frigjørelse og fremskritt, så må jeg ikke skremme dem fra meg. [. ..] 2
I dag har pressa lovfesta trykkefridom, men like fullt styras media av ein redaksjon beståande av individ som har sine personlege forbindelsar, politisk so vel som økonomisk. Kan hende var det denne redaksjonelle styringsretten som tok arbeidslysta frå karakteren som skal nevnas i neste avsnitt?
Hovedpersonen i Erlend Loe si bok NAIV.SUPER, fortel om ein tur til New York, i lag med den etter sigande ikkje altfor sympatiske broren.Det mest fornøyelege kapittelet i heile boka tek føre seg ei økt med søking på norske lågmålsord i databasen til New York Public Library. Eitt søkeeksempel som vert beskrevne i boka:
You searched for the AUTHOR: pupp 3
, som returnerte eitt treff på forfattaren Pupp, Wolfgang og verket Vakuumteknik (1972).
Om ein legg til Google, Bing, Kvasir og alle dei store søkemotorane, so er det lett å slå fast at tilgangen på informasjon har blitt dramatisk forbetra. Like fullt skal ein ha i minnet at dei store søkemotorane er drevne av kommersielle aktørar, som lever av å legge sine kunder øvst på trefflista til einkvar tid.
Dåtidas tilgang på kunnskap var i stor grad begrensa til eitt fåtal offentlege bibliotek, i tillegg til at det gjekk eitt klasseskille mellom dei som hadde råd til å la ungane sine lære lesekunsten, og dei familiane som trengte borna til fysisk arbeide. Dagen kunnskapstilgang er tilnærma ubegrensa, og i den vestlige verda er de aller fleste born lesekundige. Spørsmålet som likvel bør stillast er då om støyen i informasjonsjungelen faktisk har gjort det lettare å desinformere samfunnet når det gjeld dei største og overordna sakene?
Framskrittet har visstnok gjort alt so mykje lettare!
MONTANUS: Så holder du grovt bondearbeid for det viktigste?
JACOB: Jeg vet ikke, men det vet jeg, at om vi bønder ville også ta en penn eller et stykke kritt i hånden og måle hvor langt der er til månen, da ville I høylaerde snart få en ulykke i jer maver. 1
I Holberg sin komedie diskuterer Erasmus med sin bror Jacob, som er bonde på farsgarden. Ovenståande sitat er eitt morosamt eksempel på kva relevans vitskapen hadde for ein bonde på 1700-talet. I dag er situasjonen annleis, utan forskninga hadde ikkje landbruket hatt tilgang til kunstgjødsel og genteknologi, som i dag gjer det mulig å mette mange av jordas seks milliardar menneske. På den andre sida må det sjølvsagt tilføyas at dei var ikkje fullt so mange på 1700-talet, og dei aller fleste var sjølvforsynte med sine eigne matvarer.
I tillegg til å kunne velge fritt blant eitt utal forskjellige matvarer i butikkane, har me i likskap med Loe sin karakter anledning til å reise til New York, akkurat når det måtte passe oss sjølve. Det er kanskje ikkje noko broren til Erasmus ville sett særleg stor pris på, for kva var vel å sjå i New York i 1722 egentlig?
Når ein snakkar om friheita til å reise, bør ein i denne samanhengen også ta med dei hotella som i dag tilbyr korte og lange Spa-weekends over heile verda, godt for kropp og sjel. Ein må jo rekne det som eitt betydeleg framskritt frå dr. Stockmann sitt omdiskuterte kurbad?
DOKTOR STOCKMANN. Hele badeanstalten er en kalket forgiftig grav, sier jeg. Sunnhetsfarlig i aller høyeste grad! [...] 2
Handlinga i En folkefiende må likevel tilskrivas maktmisbruk og kameraderi innad i ein liten kommune, enn at 1800-talets kurbad var særskilt mindre sunne enn dagens kurbad. Problemet med lokalkorrupsjon og egenbeskyttelsen av økonomiske interesser framstår i dagens mediebilde med jamne mellomrom, og eksisterer antagelegvis like fullt, det får berre større offentleg konsekvens når det først vert kjend.
... og fornuften kasta naiviteten ut frå festen
Erasmus Montanus bestemte seg for å stå i mot presset om å slå frå seg teorien om verdas rundhet, til fordel for å få velsignelse for å gifte seg med kjærasten Elisabeth. I dag veit me som sagt bedre enn svigerforeldra til Erasmus, men er det ikkje slik med denne vitskapen at ein skal stille seg tvilande til alt? Uansett hadde jo Erasmus i all sin enfoldige standhaftighet rett!
Rett hadde jo også dr. Stockmann i si naivt blinde tru på på seg sjølv som ein folkevenn, sjølv om obsternasigheten fekk økonomiske konsekvensar for familien, og han i slutten av stykket møtte sterk motstand frå heile byen, inkludert smårampen som kasta stein gjennom stuevindua hass: “De stenene skal jeg gjemme som en helligdom. Eilif og Morten skal få se på dem hver dag, og når de er blitt voksne, skal de få dem i arv etter meg.” 2
Kva skal me so seie om karakteren til Loe, som berre sig retningslaust gjennom livet? Rett nok kjem han fram med nokre artige betraktningar og underfundige synsvinklar på verda;
Jeg har skrudd tempoet helt ned. Til null. 3
...men kor er engasjementet som Erasmus og Tomas Stockmann la for dagen? Den navnlause greier seg alltids på eitt vis i vårt solide velferdssamfunn, men kva hadde skjedd med ein slik skapning om han var fødd på ein liten husmanssgard på 1700-talet? Vart det i det heile fødd slike figurer då? Er dei retningslause sin eksistens eitt bevis på at evolusjonen har ein ryddejobb å gjere?
Framskrittet har kan gjort alt enklare for det moderne mennesket, men det er stor sannsynlegheit for enkelheta og komforten rett og slett har jaga engasjementet på dør. Naiviteten lever visst i beste velvære.
Vulgus indoctum est monstrum horrendum informe, cui lumen ademptum. 1
Kilde- og referanseliste
1 Holberg, Ludvig (1722): Erasmus Montanus
2 Ibsen, Henrik (1882): En folkefiende, Ibsens samlede verker, Gyldendal
3 Loe, Erlend (1996): NAIV. SUPER, Cappelen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar