onsdag 10. november 2010

Analyse av diktet "Fødd i går", av Halldis Moren Vesaas

Den strenge far

Analyse av Halldis Moren Vesaas (1907-1995) sitt dikt “Fødd i går”, utgitt første gong i diktsamlinga Harpe og dolk (1929).

Forfattaren vaks opp i mellomkrigstida på Mora-garden i Trysil som den eine av to søsken. Det er ut i frå tidspunktet for publiseringa god grunn til å anta at diktet vart skreve mens Vesaas gjekk på Elverum lærarhøgskole.

 I diktet møter me forteljaren, rett etter eitt opprivande møte med sin far. Tidsrommet er avgrensa, og omhandlar ein diskusjon mellom henne og faren som nettopp har funne stad. Handlinga i diktet er ei framføring av tankane som har oppstått i etterkant av denne episoden.

Tematikken i diktet er todelt, der den eine pila peiker i retninga av den evige motsetninga mellom gamal og ung. Ungdomen vil alltid sjå seg sjølv som vaksen og sjølvstendig, medan dei gamle av erfaring veit at dei enno har eitt stykke veg å gå før ein med rette kan kallas vaksne. Den andre temapila peiker i retning av dei djupe spora som ein forelder med sine ordvalg kan sette i unge sinn.

Diktet er sentrallyrisk og skreve i tre strofer, alle strofene inneheld åtte linjer i A-B form. I dei seks første linjene i den første strofen ser me ein klar tendens til at A-linja er ei klår stadfesting, mens det ligg ein kontrast i B-linja sitt knappare tilsvar. Desse linjene gir dermed innleiinga av diktet ein “lett-tung-lett-tung”-rytmikk, som har ein effektiv måte å sette stemninga i diktet på. Bruken av enderim som “glad “ og “stad” er konsekvent.

“‑ Eg skunda meg der ifrå” er andre linje i andre strofe. Lesaren vert med denne linja sett i ein fortruleg lyttar-rolle, nett som om forteljaren har sprunge til deg for å fortelja det som skjedde, og som ein god ven lyttar du sjølvsagt sympatisk til det som har skjedd.

Lesaren vert drattt inn i handlinga, og vekslinga mellom tonaliteten i linjene skapar eitt bilde av ein konflikt som skapar nysjerrighet og eitt ønske om å lese vidare. Kontrasten mellom A- og B-linjene jamnar seg ut i den andre strofen, og gjev lesaren eitt lite pusterom til å reflektere over handlinga i første strofen, og til å oppfatte ironien i teksta. Linjekontrasten kjem til syne att i tredje strofen, men no er funksjonen til B-linja å komplettere det A-linja starta, meir enn å skape kontrast som i første strofen. Effekten er at følelsen av å overvære ei personleg erkjennelse, stig i eitt crescendo til forfattaren sluttar sirkelen med å stadfeste:

“Visst vart eg fødd i går!”

Dei første orda i den første strofa; “I kveld (...)” tidfestar handlinga til eitt avgrensa rom. I den første linja slår forteljaren også ettertrykkeleg fast at ho er so “makelaust, grenselaust glad!”. Denne setninga opnar diktet med ein optimististisk og sprudlande tone, med hjelp av to superlativ og eitt utropsteikn! Den andre linja bringer diktets andre subjekt inn, nemlig forteljarens far, og ordvalga “ærverdig og grå” indikerer både ein respekt for faren sin autoritet, og eitt symbol på at han åpenbart er gamal. I den tredje linja får me vite at situasjonen oppsto “i stad”, noko som bekrefter at handlinga er heilt fersk, og at forteljaren sine tankar framstår som umiddelbare og spontane.

Det kjem ikkje konkret fram kva forteljaren har sagt til faren sin, men strofa;

“(...)
og gav han eitt velmeint råd:
Det skulle du gjera, så vidt eg forstår!”

, opnar for to tolkningar:

1.    Bokstaveleg: Strofa kan tolkas i form av å være siste orda i det Vesaas beskriv som eitt velmeint råd til faren.
2.    Symbolsk: Strofa kan være eitt symbol på at det har vore ein krangel, der forteljaren har benytta anledninga til å seie noko til faren, som ho for husfredas skuld burde ha haldt for seg sjølv.

Det siste leddet i siste setninga: “(...), så vidt eg forstår!”, kan tolkas sarkastisk, som i at faren openbart burde ha skjønt kva som er rett å gjere, samtidig som orda opnar for å tolkas om ei usikkerhet

 Den siste halvdelen av første strofe kompletterer generelt bildet av kva som har skjedd, nemlig at forteljaren i affekt har sagt noko til faren som ikkje vart opfatta som truverdig frå hass si side. Ei alternativ tolkning kan sjølvsagt være at ho har tatt opp eitt tema som han ikkje er interessert i å diskutere.

Han avfeier ho med eitt bryskt  “Kva skjønar vel du,” og sett ein strek for situasjonen med å fastslå at ho vart fødd i går. Denne uttalelsen vekker for det første sympatien med forteljaren, som blir sett på plass, men fråsegnet inneheld også humor. Det kjem fram litt seinare i diktet at forteljaren er rundt tjue år, og dermed er det ikkje ei lita overdrivelse om vert servert av mannen som av alle burde vite kor lenge forteljaren har levd.

Heile den andre strofa av diktet inneheld forteljaren sine motstridande tankar mellom bodskapet frå faren på den eine sida, og hennar eiga sjølvbilde på den andre. Kvar levealder har sine eigne bekymringar og prioriteringar, som alle subjektivt opplevas som like store. Den første linja i andre strofe lyd slik:

“Vart eg fødd i går? – Eg vart fødd i går!”

Denne linja understreker motsetninga mellom tankane hennar, og er samtidig første stikk i den ironien som vert brukt i resten av diktet. Ho raljerer over den nyvunne sjølvinnsikta, og bagatelliserer ironisk over dei negative tankane som ho i følge faren aldri har hatt nokon grunn til å belemre seg med.

Symbolbruken er sterk i dette diktet, når ho skriv at himmelen er blank og blå tyder det på at ho ser lyst på framtida, mens ho ser att på skodde og sky, som tyder på at ho har lagt bak seg det vonde. Perspektivet til forteljaren er ein klar autoritær eg-form, og ho gjentek tittelen på ulike vis heile seks gonger i løpet av diktet.

Halldis Moren Vesaas har med diktet “Fødd i går”, sett ord på ein kvardagsleg situasjon som mange unge opplever i sin kvardag der dei må forhalde seg til sine foreldre, med dei konfliktene dette samspelet uungåeleg vil innebære. Forteljarstemma er nærast manisk i si beskrivelse av lukka over å funne ut at ho kan starte med blanke ark, medan ironien ligg tjukk mellom linjene og indikerer at ho har vorte kraftig såra over den eine setninga som faren enda diskusjonen med.

Bodskapen i diktet er ein advarsel til foreldre og vaksne om å vege sine ord før dei vert brukte mot ungdomen. Sjølv småe og uskuldige setningar kan skape djupe sår i nyspira sinn.

3 kommentarer:

  1. Hei :)
    For tiden jobber jeg selv med å analysere dette diktet, og jeg kom fram til mange av de samme synspunktene som deg når det gjelder diktet. Men når det gjelder oppveksten til Haldis, så er det noe som ikke stemmer med min biografi. Var det ikke så at hun hadde en tvillingbror i tillegg til 3 andre søsken? Det er i allefall dette jeg har lest meg frem til. Hvor fant du ut at hun var en av 2 søsken?

    SvarSlett
  2. Hei!

    Sorry for seint svar...

    So bra at du har komme fram til det samme som meg! Eg hugsar ikkje nett no kor eg fann fram til den familieinformasjonen, var det i ein eller anna forfattarbio på nettet, via Lokus kan hende? Eg tek gjerne korreks på dette feltet, eg tykte biografien eg sat med var litt tynn sjølv.

    -privatisten-

    SvarSlett