lørdag 13. november 2010

Analyse av "Vi vandrer med freidig mot"

Henrik hyller DNT
 
Ei analyse av “Vi vandrer med freidig mot”, ein vandrertekst av Henrik Ibsen (1853)

    “Her er vi i Guds natur! 
      Som bekken vill i fjellets ur”

Henrik Ibsen var ein av Norgesnaturen sin framste ambassadører. For dei som har gått Besseggen 
eller opphalde seg i Jotunheimen generelt, vil linjene frå Peer Gynt sin ridetur over Gjendineggen vekke minner av den vakre klisjefylte villskapen i fjellheimen. Denne teksta er ikkje ein del av ei større samling, men Ibsen skreiv den under ei utflukt til Ulriken i Bergen, og er tonesett fleire gonger, i følge Wikipedia.

Teksta er ein motiverande turmarsj-tekst, og tek for seg ein glad gjeng som er på veg ut i den frie naturen. Diktet er delt i tre strofer, alle med seks linjer kvar i A-B enderimsform. Diktet er skreve i personal vi -form, steminga er på topp og som lerka jublar turfølget “høyt i sky vårt kvad.” Diktet er ladd med plussord som lett, rapp, glad, høyt og lystig. Tegnsettinga er moderat til sterk, og Ibsen sparer utropsteikna til å avslutte setningar som “(...) Guds natur!” og “(...) lyn og torden!”

Setningane er lette og jamnt rytmiske, og inneheld ingen klare brudd. Kontrastane i teksta er tilstades som i naturen, men bidreg til å bygge oppunder spenninga med det å være på tur.

Alt i alt gjer dei positive ordvalga, den lette rytma og det energiske engasjementet, diktet til ein rein hyllest av den norske naturen og det å være på tur i lag med andre. Som nevnt er diktet tonesett, og eg går ut i frå at teksta har vore framført av glade folk på tur i over hundre år.

Bodskapen er rett og slett trangen til å formidle turgleda, og at folk må komme seg utomhus og nyte det som vi nordmenn flest har utanfor trammen. Kvikk Lunsj er eitt velkjent turfølge, og det kan hende det smakar minst like godt å pakke Ibsen ned i sekken til neste tur?

1 kommentar:

  1. Lynanalyse gjort unna på ein times tid, eg byrja først på "Terje Vigen", men med min schedule har valde eg å tygge på noko litt mindre enn dei 43 storslagne strofene om losen frå Lillesand :)

    SvarSlett